Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Mai 2006

Rolf Larsen: Tidlige dikt
Mandag 29.

Bengt Berg på norsk
Mandag 29.

Litteraturfest Lillehammer 06
Torsdag 25.

To år med diktsider
Mandag 22.

Rimdikt?
Lørdag 20.

Bjørn Aamodts proletære systemdikt
Fredag 5.

Mandag 29. Mai 2006

Rolf Larsen: Tidlige dikt

Du som kanskje ikkje var fødd og diktlesar i 1969 og 1971, no kan du få lese den stillferdige og avanserte bergenspoeten Rolf Larsen sine spesielle tidlege dikt, i ei heilt ny utgjeving.

Rolf Larsen var ein ekspert på kunst, på film, musikk, dans, biletkunst, litteratur, filosofi og kunne som ingen liste seg inn på den kulørte verda via dikta sine. Eg seier ”var” fordi Rolf Larsen gjekk bort etter sjukdom i 2002. Boka no inneheld også eit føreord av Finn Petter Kvamme og eit lengre etterord av Kjartan Fløgstad. Eg har alt kjøpt boka. Eg har lesi ein del i boka, og det er spennande - .

Her finn du fleire opplysningar: hos forlaget Splendid, og trykk deg berre vidare i forlagsopplysningane... (Eg rekk ikkje skrive meir i denne omgangen, for no dreg eg rett og slett på Lillehammerfestivalen og til temaet offentleg iscenesettelse Men eg kjem tilbake til saka med Rolf Larsen sitt dikt-stoff.)

Sjå no eit enkelt diktsitat frå BOOM (1969), som eit døme frå den kulørte verda, diktet «Moderne dikt VI»
nye uvante farver
i badedrakter
alle nyanser brunt
konjakk oransje
belter spenner både
i ovenfor og
nedenfor midjen
mini-kini og
bermuda-kini
begge populære
variasjoner
over vår velkjente
bikini