Til hovedsiden
  Heim  >  Nytt 2017  2016  2015  2014  2013  2012  2011  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004 
 Des  Nov  Okt  Sep  Aug  Jul  Jun  Mai  Apr  Mar  Feb  Jan 

Nytt Aug 2017

Diktets Venner
Torsdag 31.

Halldis Moren Vesaas
Torsdag 31.

Visekunsten
Tirsdag 29.

I september
Fredag 25.

Slagersongar
Tirsdag 22.

Ariana Reines
Mandag 21.

Diktkammeret ekspenderer
Søndag 20.

Fullt i gang igjen
Mandag 14.

Stein Mehren (igjen)
Mandag 7.

Kysten mot vest og sør
Tirsdag 1.

Tirsdag 1. August 2017

Kysten mot vest og sør

Vi skreiv på nettstaden t.d om forfattar Levi Henriksen med NRKs Sommartoget. (Også høyrd frå toget sitt stopp i Kongsvinger.) Men det er ikkje berre NRKs Sommartoget i år, nei. Jonas Gahr Støre har i det siste turnert på landsdelen Vestlandet (og blitt synt i NRK). På Vestlandet startar også Klassekampens sommarbåt, dette er no: 1. august. Med start frå Kristiansund.

Ved Klassekampens sommarbåt sitt fine startpunkt pr Kristiansund snakkar Edvard Hoem om land og om litteratur saman med redaktør Karin Haugen i Klassekampen. (Om noko herifrå kjem i NRK, det veit eg ikkje no.) For meir kontakt med det gode tiltaket frå avisa si side: gå inn på «Klassekampens sommarbåt».

Klassekampen er ei avis som går stadig nye eller iallfall gode vegar. Forutan byen Kristiansund går sommarbåten innom desse: Ålesund, Volda, Florø, Bergen, Odda, Valevåg, Haugesund, Stavanger; derpå vidare til Kristiansand og Arendal. (Program med datoar står skrive om på nettet nedover ein kolonne til høgre.) Sørlandet - før namnet blei slått fast i 1902 - var rekna som ein del av Vestlandet og ikkje rekna som ein eigen landsdel. Dette galdt Vest-Agder og heile Aust-Agder... (Medan Telemark fylke irekna Telemarkskysten heile tida var del av Austlandet, enda om kyststripa - for turistar flest - kunne likne på Sørlandet.)