|
Litteraturfest Lillehammer 06
Torsdag 25. Mai 2006 |
|
|
Diktsidene skal på litteraturfestivalen på Lillehammer, som byrjar tirsdag (og der det framleis er råd å få plass), men for min del berre for å snuse. Kanskje eg skal vere konsulent på nokre tekstar.
Det er meininga å rapportere korleis det går med årets tema. Diktsidene skal på fordjupingsseminar for kritikarar og forfattarar på torsdag – med tittelen Offentlig iscenesettelse – iscenesatt offentlighet. I elden skal naturleg nok Eivind Røssakk, kjend på denne nettstaden for (meldinga mi av) boka Selviakttagelse. En tendens i kunst og litteratur . Deretter, fredag på det same seminaret, skal den svenske forfattaren Mara Lee halde foredrag. Eg har møtt henne som opplesar og som seminarhaldar for eit år sidan og fortel om det på ÆÅ-festivalen i Trondheim .
Dette er likevel berre ein mindre del av alt det som går føre seg på festivalen i Lillehammer med 130 opne publikumsarrangement!
|
|
|
|
|
|