|
To år med diktsider
Mandag 22. Mai 2006 |
|
|
Eg gløymde å markere toårsjubileet for diktstaden. Det første innlegget til Nytt-spalta var Versmeter og zoom , og det sto 7/4 2004. Sidan har eg lagt ut 81 innlegg. Den første lengre artikkelen kom på den 19/11 2004.
Tittelen var min skam . Denne artikkelen har fått mange besøk pr dato. Til no er 25 artiklar levert til artikkel-spalta, dei fleste nyskrivne, somme har stått i tidsskrift/ avis.
Spalta Presentasjon har auka (etter kvart) til 14 delpresentasjonar, og det vil vel komme noko meir om ståstaden min for poesi, oppdatert til det konkrete (=artikkelen som hittil er mest gjesta).
Eg la tidleg ut relativt mange dikt i spalta Bøker, som eg hadde utstyrt med skildringar av dei ulike diktbøkene heilt frå 1966 av . Og nytt: Til hausten kjem det ytterlegare noko inn på Bøker-spalta - frå nysamlnga bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar. (Likte du forresten tittelen?)
|
|
|
|
|
|