Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nytt  2010  2009  2008  2007  2006  2005  2004    |    Mar  Feb  Jan
 


Petrogradkvinnene
  Mandag 8. Mars 2010
Diktet under blei sendt meg og også denne nettstaden (vil eg tru) i dag, 8. mars, frå multikunstnaren Ivar Orvedal. Han sende også med forslag til musikk og ein biletserie laga av han sjølv. Vil du ha denne biletserien, kan eg kanskje sende han pr epost.
8. MARS 2010 - ISLYSET
Klara Zetkin, Aleksandra Kollontaj og Petrogradkvinnene til minne, til lukke med dagen!





ikkje flytte fjellet
er ho så sterk


ikkje tømme havet
ikkje knuse skyene
ikkje massakrere alfabetet


ikkje rive ut augene hans
er ho så sterk




€ € €




halve vegen ligg bak oss
det er for seint å snu (seier ho)
det er no reisa tek til


og slik vil det vere
så lenge vi reiser (seier han)
alltid halve vegen framfor oss


alle veit at noken kjem til å komme
og straks må vi vidare


så lenge ingen veit at vi er komne
så lenge kan vi vente






€ € €






han står på hovudet
ho i fosterstilling
dei vaktar over det som aldri må komme ut
tilslutt frosne inn i isen


eigendelar datert 1930
dei elska hemmeleg
alt anna er uoppklart


det står i avisa
om mysteriet ved smørstabbreen
turkis kveldshimmel over staden
månen veksande






€ € €






kva er deg
kva er meg


vi vekslar om å
vere den som finn


og den som
blir funnen






€ € €



Tilrådd lydspor: Nina Simone: Songs of Freedom and Spirit
(Strofer og foto: Ivar Orvedal)



Nytt Mar 2010:

Petrogradkvinnene
Mandag 8.



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn