Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nye dikt
 

Nye dikt

I denne spalta

har eg sett inn til dels uferdige dikt som eg arbeider på. Dette vil vere ein slags teknikk... Denne spalta vil også få nokre nye omsetjingar til engelsk/ amerikansk, det er sett inn ei omsetjing av «Tre generasjonar» (diktet frå 2003) og to kvikke prøver på BOK-diktet: «Bjørkene...». Ved somme av dikta i Bøker-spalta har eg føyd til noko omsetjing og utkast til omsetjing. Her finn du ei rekkje omsette dikt frå Poesi.

Skulle du no sakne dikt som sto i denne spalta før, betyr det berre at dei er innlemma i diktbøker og at du kanskje kan finne dei under boktitlane på Bøker. Diktet «Poeten Mehren», som har stått i ei fagbok og i ei vekeavis og står i denne spalta, vil venteleg reise inn i og promenere vidare i diktboka mi 06... Fleire av dei andre dikta i denne spalta har fått ein høvesvis fast og roleg heim i 06-boka.



bjørka til Dahl....


skjærene som seglfly
seglbåtar på blå sjø
to menn i ein kvit bil
forbi Nesjan


(Dette er ikkje eit nytt dikt, vil eg seie, men kan kanskje bli eit dikt, med arbeid, når omgjevnaden først er funni. Omgjevnaden kan kanskje vere allusjonar til artistar, i dette tilfellet til J. C. Dahl, som er ein stor helt for meg. Som eit svært kjend Dahl-måleri rekk det å nemne «Bjørk i storm». Og eg driv nemleg på med å skrive fleire nye dikt - til 2006, året med eit slags diktarjubileum for meg i høve til debuten i 1966. Men «Dahl» i diktet treng ikkje nødvendigvis vere J.C. Dahl, eg kjenner også andre med same namn... Og ps november 2006: bjørka til Dahl blei etter kvart eit dikt, + bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar blei da tittel på den boka som kom tidlegare i haust.)
 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn