| Heim > Bøker > Slutningar til knes > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
kva Stølefjorden gjer
Stølefjorden legg armane sine kring deg
Stølefjorden legg armane sine kring Luton
Stølefjorden legg seg neppe til ein vits
Stølefjorden legg beina sine på bordet
Stølefjorden legg beina sine på oss
Stølefjorden legg seg berre etter Ruth
Så har vi det gåande med Ruth. Og det kan vere like bra
* Eg tok del i eit arrangement 23/1 til støtte for flodbølgjeofra, og eg las frå Slutningar til knes. Da blei eg medviten om det følgjande:
Når du skriv dikt, endrar orda seg, og dei endrar seg medan du skriv vidare. Og når du skriv dikt, kan du ikkje vite kva som skjer i framtida; men det som er skrivi, det endrar seg og opnar seg på ein annan måte, etterpå, seinare, på merkeleg vis. Dette galt dikta som eg las frå utdraga ovafor, nemleg: frakke-laus som få, alt Stølefjorden gjer, og spørreskjematisk. Og det galt også: No er det svingande fot (s 29), både du og eg i daggryet (s 55), svarbrev (s 67). Flodbølgja og verda kasta seg inn i og dreiv inn i dikta som eg hadde skrivi eit år tidlegare. Dette har eg jo ikkje noko imot heller, men ser at slik er det.