| Heim > Bøker > Slutningar til knes > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
Trondenes
reformasjonen nord
Trondenes steinkyrkje blei
ribba, men er likevel rik
Kva vil du ha
mellom herren og deg
Kunne du stå naken og stille
og ikkje saman med nokon
framføre den nære gudemakta
Skulle iallfall røysta i hallen
frå Herren seie deg til
utan rådslagning
Da han kviskra inn i hjartet ditt,
var du aleine i huset, eller
stod du høgt på Setertinden
eller bøygd i ein tett skog
Trondenes står fast,
peikar i nord
og spør kva du vil ta
med deg gjennom landet
tyskarkanonen igjen tilbake -
liksom eit slott