| Heim > Bøker > Slutningar til knes > Dikt | Les om boka << forrige | |
den som får deg
Det vil alltid vere ei kvinne
for ein mann - i filmen
Det vil vere ein mann for ein mann
Han rørte henne slik han hadde
lyst til å røre henne - i filmen
Han kjende henne slik han hadde
lyst til å møte henne
Ho som hadde fem barn, sa jo alt han ønskte
å høre
Heldig den som får deg
Det vil alltid vere ei kvinne. Vil det
derfor vere noko for ei kvinne? Ikkje tull no
Vil det vere syttito jomfruer i himmelen i filmen