Til hovedsiden
  Heim  >  Nye Dikt  >  Dikt  Oversikt    << forrige    neste >>  

Da alt var over



Da alt skulle vere over,
trefte eg ein tvilling, min tvilling
Og vi sto
i trappa, i dusjen
på stien, på dekk
saman
eigentleg ikkje kvar dag


Alt var over,
og eg trefte min tvilling
Det var godt å vere i slekt
Vi sto i gaman
i trappa, i dusjen
i skogen og i marka
saman i snakk







To fotefar


Den vindfulle vinteren har ikkje rørt enno
det vesle snølaget på tråkka utafor huset.
Vi ser to fotefar ved sida av kvarandre
med kurs for inngangen,
eit spor med stort skonummer og eitt
med mindre nummer, liksom to spor som passar
på kvarandre,
fell det meg inn, og slik skal det vere.