Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Eit hus mellom andre  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Tre generasjonar



Da han var tre år, budde han eit halvt år hos farmor fordi mora budde så trongt.

I draumen ei natt møtte han farmor igjen - trettitre år etter at dei hadde sett kvarandre sist. Han var blitt utan far og mor, i draumen og elles. På merkeleg vis var farmor like gamal som han, da dei møttest igjen. Dei sto på kyrkje-garden like ved der ho budde i Moldes skråning. Eg er ikkje kristen, sa han til henne. Du trudde på Stalin du, svarte ho på sin kontante måte, som han kjende. Hennar yndlingsson - visste han - onkelen hans, blei kommunist under krigen. To brør av hennar mange ti søsken blei NS.

På sine eldre dagar, ute i verda, likte ho å sjå på folk; familien merka det.

Det siste året som faren levde, ville han ikkje snakke om døden med sonen; aldri skjedde det, trass i problema faren fekk. Enda den gamle meinte sonen både hadde mange vener rundt seg og var snillast, på den tida, av borna hans. (Det var måten til faren å jamføre søskena.) Kan hende trudde faren at dei møttest igjen seinare; i det minste at dei kom i ein god draum og da ville snakke? Kan hende trudde han at dei møttest igjen og da kunne snakke?