Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Formalisten  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Den innerste hola



Det var ikkje så vanskelig som Formalisten trudde. Gjøre alle dei tinga du gruer deg til, samtidig. Dei tinga du skal. Da! Det kan gå unna i rykande fei. Det er mye, mye.

Sanninga er ikkje eit kort og kraftig hah! eller å! Men ho breier seg, sanninga, frå øre til øre. Da liker eg deg.

Den innerste hola. Det innerste. Du har verda inne i deg. Eg trur mest det er verda eg leitar etter.
Du er ein modell. Monade. Eg er berre ein fotograf, konstruktør. Så langt eg kunne elske, var det slik.
Det opne vide rommet som vider seg ut, vider seg ut. Med plass ikkje berre for meg. Det er gjenkjenninga. Eg trur kvart menneske er ein modell, heile verda. Det må vere tungt å bere, somme tider: Når menneska går for ein slikk og ingenting.

Likskapen er større enn skilnaden, langt større. Det kjenner no eg. Seier eg noe anna, lyg eg. Vi er like omtrent.

Noen gonger seier du berre eit ord.

Klokka er 22.30. Ein eller annan, ein eldre kvinnestemme, roper «Per Sverre» ut i natta. Per Sverre, ja! Eg som trudde han var ein liten grineunge. Stemmen var rolig. Mora var jo mye yngre enn eg trudde. Ho var yngre enn stemmen. Eg kan høre henne.