Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Formalisten  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Formalisten er hard



Eg er så glad fordi setningane mine er korte, sa Formalisten.

Formalisten er hard. Tenk alt han kan seie, og noen gonger seier han ingen ting.
~ Formalisten er enkel og hard. Enkel, syns han sjøl. Han er ikkje så innvikla som folk vil han det til at menneska er. Er menneska så innvikla som psyko-logar vil ha det til? Heller ikkje inni seg er han så uforståelig og innvikla, han er enkel. Han dreg ikkje på det. Derfor er han hard.
~ Menneska skal vere mjuke, innvikla og sorgsame, det seier mange til For-malisten. Du kan gjerne vere kvikk, og kvikkare enn du er, Formalisten - seier dei til Formalisten. Vi dreg på ei sorg. Gemenslig er fint, slik skal ein vere utapå. Men ein må også angre litt, skjelve litt. Ein ser at livet ikkje gjekk som det skulle. Helst forstå at Gud er til, at frelsa er noe uformelig noe, lik poesi eller lykke. Omtrent slik.
~ Tene litt pengar. Det går Formalisten med på. Ein må ha litt pengar å gå på. Ein må tene dei. Bruke dei også. Vere litt gemenslig. Klart det.

(...)

Rett i tårehavet. Kor ligg det?
~ Det som er imellom alle gladaste, gode ting. Ting som verkelig endrar seg.
~ Dei gode tinga treng ikkje vere så mange. Det er på dei du sit. Mange av desse tinga du ser kring deg, kan endre seg. Til tider endrar dei seg verkelig. Da ser du tårehavet. Du ser noe rart rundt deg.
~ Formalisten er sprø, kan så vere. Han veit det sjøl også. Om han er sprø, kva seier det?
~ Korfor passar han ikkje så godt? Er han sloppi ned ein stad? Blei det på feil stad? På feil tid? Formalisten visste ikkje korfor det skulle vere så feil. Kan-skje for tidlig, men ikkje for seint.
~ Eller er han kobla så feil at tida knapt epeller noka rolle? Det blir spørsmålet. De kan avgjøre, de som er kobla annleis.
~ Tårehavet, det aller største havet. Det ser så stort ut der det ligg mellom alle ting.
~ Formalisten er ikkje redd for tårehavet. Han plumpar ikkje uti for det.
~ Det er tårehavet som er havet, der livet blei født og alle ting går under. Formalisten treng ikkje sjå slutten på tinga, men fødselen er viktig for han. Han liker tårehavet.
~ Ikkje så mye er det dråpene som kan falle, dei enkelte dråpene som kan renne. Dei væter ei lita flate og tørkar like fort. Men heile mangda samla, den som berre bryt opp når tinga verkelig vender seg, og du ser at det du håpa på kan gå, vil skje. For det skjedde. Det er tårehavet som er like fylt med glede som med vatn. Men glede er ikkje rette ordet. Medgang passar betre.