Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Formalisten  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Ekte heltar




Bror Tuck og Robin Hood var ekte heltar. Dei var rakkarungane i soga. Formalisten kunne akseptere dei. Ho i den kinesiske filmen hadde ikkje gjort ei einaste dårlig gjerning i heile livet. Nei, ho hadde einast gjort godt, aldri noe vondt. Kva slags helt var det? Lage slike heltar!
Toskeskap. Da var apekongen Sun Wu-kung betre, han som bråka slik i himmelen at Buddha sette han i fengsel fem hundre år. Aldri lurte demonane apekongen.

Menneska må vurderas. Formalisten vurderte menneska, men såg liten skilnad. Dei plumpa uti alle som ein.
Det er gali å vurdere individa slik at somme kjem så mye betre ut. Å dømme individa var religion.
Samfunnsklassane kom nokså likt ut dersom ein målte med personlig styrke. Til og med filleproletariatet hadde gode eigenskapar, sterke eigenskapar.
Formalisten fann at borgarane var flinke til å trene kroppen sin. Småborgarane i byen hadde lett for å forsvare saker. Men dei blei fort forvirra i hovudet.
Formalisten kritiserte fagrørsla fordi ho ikkje såg at kvinnene var blitt halv-parten av klassen.
Arbeidarane var flinkast til å snakke. Gro Harlem Brundtland var dårlegare til å snakke enn Laffen. Ho måtte altså vere ein borgar.
(...)

Det fins ikkje kjerringar meir. Før - det var i femtiåra - sto dei unge golfjakke-kledde konene ute på trappa med armane i kors, dei småfraus. Dei skulle ikkje vere med på det som skjedde ute. Golfjakkene var stygge på kroppen, uklede-lige. Konene hadde jakka på innadørs.
Tidlig ein morgon, tretti år seinare, gjekk den førtiårige dama ute saman med sjuåringen sin. Dei var kameratar på gata, før skolen og jobben skulle be-gynne, og nokså likt kledde i vintermørket. Dei to har noe å seie kvarandre. Og det fins ikkje reservert kjerringar meir, berre kameratar. Ingen står på trappa.

Organisasjonsmenneska er galne på heltane. No er det nok av detektivar. Det er på tide å tenke på alle dei skjøre som heng i stroppen, som står i organi-sasjonen og skiftar bleie på verda. No er det på tide å fable om alle oss som elskar vilt og betaler kontingenten
Vi er sperra inne i leiligheten, som er sperra inn i kroppen. Noen sit og matar verda mellom sprinklane. Noen er stukki inn på skribla lapp mellom permane i ei bok.

Funksjonærane var han litt redd. Dei var spisse. Dei kunne avsløre han. Dei hadde sitt på det tørre. Og dei kunne vere sure eller stramme, sjå ned på han. Dei sat bak lukene og skrankene.
Ein arbeidsmann var ikkje Formalisten redd for. Ein slik ein var ikkje så trygg i fjeset, hadde ikkje sitt på det tørre. Formalisten trudde at arbeidsmannen var overberande for feil og manglar. Det at ein ikkje strekte til og ikkje levde heilt opp til idealet. Og der fekk Formalisten rett. Arbeidsmannen kunne sjå lenger enn til nasen.
Formalisten var engstelig. Folk snakka kvast til han. Funksjonæren snakka spisst utan å ha ei djupare meining. Da blei Formalisten engstelig og redd.
Han kjende moralen deira gnage i sidebeina. Det skal ikkje så mye til. Av-grunnane blir djupe.

Er Formalisten for veik? For veik i det heile. Det er ingen tvil om at han let seg dupere.

Når arbeidarane organiserte seg, sprakk liksom det gamle. Det gamle blei u-ansvarlig, blei veikt, sprakk.