Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Å, Puddefjorden, å hå!

(Besøka i 1972. Jentene på Compact erta kvarandre med flåtebesøka. Men det som eg fortel, var verkeleg slik som her; eg såg det sjølv - med to auge.)

(Politimeisteren i Bergen den gongen sende agentar for å følgje med på kva eg las opp på kulturarrangement før folkerøystinga, slik det går fram i ettertid, av dokument i «mappa mi» hos overvakingspolitiet, - ei avsløring tatt opp av meg i fleire aviser og i forfattarane sine faglege organisasjonar i 2003.)


Å, Puddefjorden, å hå!
Der seglar det mange skip.
Men i år har det vori særleg mange.
Først var det tysk, å tysk
flåtebesøk i april.
Kjøss meg bak, nei gje deg åhå!

Å, Puddefjorden, å hå!
Der seglar det mange skip.
Men i år har det vori særleg mange.
Så kom det dansk, å dansk
flåtebesøk, min kjereste.
Kjøss meg, nei gje deg 17.mai!

Å, Puddefjorden, å hå!
Der seglar det mange skip.
Men aldri så mange flåtar som i år.
No kom det svensk, å svensk
flåtebesøk til tusan.
Ja den 7.juni dukka dei opp.

Å, Puddefjorden, å hå!
Der seglar det mange skip.
Så kjekke som no har dei aldri vori.
Du store min største min
var tysk, og namnet var Europa.
Ja flagget var raudt, svart, gult.

Vi stod og kjek, å Puddefjorden
på flokkar av undervassbåtar.
For så lure som no har dei vel aldri vori?
Kor i all verda hadde
dei tussane vori? I Sognefjorden?
Ånei, bare i Puddefjorden. Håh!