Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Nattlandsbussen



Eg såg på alle folka
på bussen.
Først på kvinnfolka.
Dei var i ekstase.
Kvinnfolka var i ekstase, tenkte eg.
Kva med mannfolka? Mannfolka
var i ekstase dei også, såg eg.
Vi var i ekstase.
Det var ikkje ristinga som gjorde det.
Det var ikkje den sorten ekstase.

Bussekstase. Den som kjører med bussen
merkar
han med ein gong.
Passasjerekstase. Den som er passasjer
veit
kva eg snakkar om.

Passasjerselskapet burde henge ut
skilt som syner at
ein kjører kommunalt
Alle reklameskilta er ikkje nok. Dei
manglar touch'en av kommune.