Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Gammal dress

(frå før Noreg kom i NATO)



Det var frå frelsesarméen eg fekk han,
gammal, men sterk.
Eg får sydd inn dei vide buksebeina.
Ein som kan gjere det for meg?
Fiskebeinmønster. Med spensel, det er ikkje så dumt.
Eg kjenner meg mest som ein gamling.
Eg kjenner meg mest utanfor NATO. Mest.
Solid ty.
Den dressen skal vare i mange år enno.
Takk til deg som sydde inn beina.
Takk til frelsesarméen.
Når kjem vi ut av NATO, tru?
Vi har vori i-han og prøvd han tjue år.