Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Ungar og kaninar



Raude auge har kaninen.
Du held han mjukt mot bringa,
mot halsen eller kinnet. Og hjertet
bankar trutt og stødig.

Dei trong så liten plass.
Med ungar støtt, kvite ungar.
Spenning å sjå inn i bura.
Har du smaka kanin?

Raude er dei flådde. Tynne.
Smaken sterkare enn kylling.
Steikt i panne, helst i omn.
Salt, med gulerøter til.

Kven spanderer? Sverre. Og vi
deler kort og spelar
Creedence Clearwater.
Svoltne skrubbar.

Syns du det er arart at vi held kaninar?
Trur du kje vi bryr oss om kommunen?
Rottene kjem ikkje frå kaninbura.
Men synes du bura er stygge?

Vi leita etter administrasjonen.
Foreldra våre dei likar kaninane.