Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Politiinspektøren personlig



Han er søt med ridepisk og blankpussa
ridestøvlar, spesielt i mjølkebutikken.
Ein stilig mann, denne vår motstandar.
Han er (så) lun og god i stemmen i telefonen,
når han seier: «Det er visst tre tog som
skal tasse og gå i gatene i år,» når vi
diskuterer 1.mai-ruta med han, forstår du.
Han er (så) glad i bollar, beordrar kontordama
ut og kjøpe; det har vi hørt.
Men han er arg på demonstrantane i retten,
når han bøygjer seg framover, den kortklipte
«piggsveisen» strittar som på ein amerikansk
marinegast i det rette hjørnet.
Han lar hundane bite demonstrantane og
folka sine knuse eit stygt journalist-kamera.
Forsvarer seg elegant; lik Lenin, seier han sjølv:
«Skal ein lage omelett, må ein knuse egg.»
Å, du er elska - av dine vener. Vi seg deg ofte.