Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Det var ikkje byggeplassen



Det var ikkje byggeplassen,
ein open smievarme som gjorde slutt.
Ho datt ikkje i den lumske bekken.
Ho var ikkje
i kvikksande ved Ortuvatn.
Gro datt kje ned på asfalten frå ellevte etasje.

Det mangla fortau langs heile vegen; men
ulykka blei unngått der.

Sto ho mellom varebilen og rampen? Nei.

Varebilen sneidde inn på leikeplassen
som er heller liten.
Så kom ho brått under eit hjul og døydde.

Det er ikkje råd for foreldre å sjå etter
ungane til kvar tid

Mange parkerer bilane heilt opptil husa!

Ein unge kan bli køyrt over på vegen.
Snart ligg vel ein liten unge i grøfta
eller snur seg i kvikksanda.

Vi har reist eit gjerde mot vegen.
Utan å spørre kommunen om lov.
Eit lågt gjerde.
Eg går frå vindauge til vindauge,
stove - kjøken, og styrer.
Kvepp kvar gong bussen er utafor.
Vi kan ikkje miste noen av våre ungar.
Det er bare uråd å vakte slik.
Derfor må vi samle oss om fåren.