Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Kommune  >  Dikt  Les om boka    << forrige  

Noen gamle barakkar



Blodbyen mellom Gyldenpris og Karensfryd,
mellom Fyllingen, Laksevåg - og Sentrum.
Det var noen gamle barakkar,
gusjegrønne, malingsslitte,
frå krigens dagar.

Vi sloss med ungane, cowboy og indianar.
Dauden nådde dei sakte, men sikkert.
Ein langsam kvelningsdød.

Raude og sveitte må dei ha vori.
Fiskebeina på bordet.
Mannen i undertrøya, ungane ute.
Golva var så skeive, at du vanskeleg
kunne sikte med femøren.

Men godt utsyn hadde dei over fjorden
og dampskipa.

Dei arbeidslause budde her.
Men dei kom seg igjennom?
Blodbyen er rivi..
Kor bur dei arbeidslause no?