Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Eit hus mellom andre  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

No er det nok for ein god rapport

(Er du gal?)


Er du gal. Kva tenkjer du på, lesar?
Eg giddEr ikkje fortelje deg heile soga heller.
Eg gadd ikkje ta heile turen heller.
Det var ei helsikes historie.
Eg gidd ikkje fortelje deg om alt eg såg heller.
Kvifor var du ikkje med sjølv?

Det får vere måte på kva du kan hente.
Er du gal, kva tenkjer du på, lesar?
Eg gidd ikkje gjøre reie for alt heller.
Det var ei helsikes historie.
Eg gidd ikkje leggje fram heile saka heller.
Noko gidd eg ikkje dele med heile nasjonen.

Rådmannen laug. Ordføraren laug.
Bygningssjefen laug. Fylkesmannen laug.
Redaktøren laug. Miljøvernministeren laug.
Det er greit det, skal det vere slik, kan eg likevel
seie kva som er rett, gjerne det. Investorane laug.
Advokatane laug. Men det var nokre som visste.






PS. Etter at eg gav ut desse dikta (tidleg 2003), blei eg vald til nestleiar i bygningsrådet i Kragerø; og det var ikkje fordi eg er ein kløppar med hammaren. Kan det heller ha noko med dikta mine å gjere?