Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Så langt ned som Middelhavet



Heile natta låg eg vaken på altanen.
Ingen venn som kunne komme/ få beskjed.
Ingen venn som kunne vere med på planen:
dra Europa rundt på sykkel/ sykkeln med.

Men eg drog da likevel min kos den dagen
med nok pengar, med nok niste/ brettet bak.
Og med genseren godt tvinna kringom magen
trødde beina snøgt pedalen/ halsen strak.

Og eg kom til slutt så langt som Middelhavet,
fann ei gjestmild strand, ei hamn med namnet Sète.
Sykkeln svikta/.. berre skrangling inni navet.
Men eg haika nord, med hugen lys og lett.



(Sykkeln sette eg mot steinmuren som går rundt kjerkegarden i Sète. Og der står han.)