Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Skjortlaus Nina




Vakre, vene skjortlaus Nina
reiste heilt te Mao-Kina.
Ho fann ein neger så svart som sko
utanfor eit teltdepot.




Arnt Birkedal har ein heilt annan versjon av «Nina» frå om lag same tid, i diktet «Hynsahus i hagen», der den femte strofa lyder slik:

eg likte beste Nina
den gongen u va full
nå har u reist te Kina
for pengane si skyld


Og du kjenner kanskje hovudpersonen Nina Skåtøy i Dag Solstads roman Gymnaslærer Pedersens beretning...? Ho superrevolusjonære som skaut seg når AKP-bølgja ebba ut. Skåtøy er namnet på ei viktig og fin øy i Kragerø kommune, forresten. Dag Solstad var forlaget sin konsulent på diktet mitt, boka mi, før boka hans om Pedersen og Nina Skåtøy kom ut (dvs same året som mi bok kom ut).
Elles er denne romanen no blitt film, som du veit, med opptaka gjort i Larvik, dit handlinga i romanen er lagt.