Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Ein pust



Ein solvind kunne runde kvartalet i Paris.
Oslo sto i blomsterflor, rundtom fór ein bris.
Vi styrde prammen langsmed land, mens Åge tok ein fisk.
Det var ein høgblå vårkveld, lufta kjendes frisk.

Våren i Paris forgjekk - med håpet skori stutt.
Opprøret i Praha fekk altfor simpel slutt.
Kvite logen lyser opp - - himmelen - - kvit.
Patronar frå kanonar drys og lokkar dauden dit.

I bråhast, byen kringsett, soldatar utanfrå.
Makteslaust å kjempe mot, berre slik å sjå?
Så tett kom tanksen rullands. Folket mintes bratt
trettini og Hitler; da blei Praha tatt.

Svarte minnesmerke, mange ting har hendt,
ein arbeidsmann i sinn var eg, Åge ung student.
Vi rodde prammen ofte kringom Oslo i august,
men ingen gong var veret slik ein pust.