Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Var det eg som var likegyldig?



Heiten stiger i panna mi.
Eg blir varm i bringa.
Eg tenker på alt som sikkert skjer.
Men av tulljenter har eg inga.

For - du er hunden min, Raskatroll.
I deg har eg alltid ein takksam.
Når du lograr med halen, blir eg så glad.
Du er basen, det er du. Akk sa'n.

Som sist den kvelden i Sannidal
eg fekk eit spark i baken,
da beit du parat over leggen hans,
så n har ikkje kjent på maken.

Men jenter tullar eg ikkje med.
Dei bit når minst ein ventar.
Det er best å bytte jentene med
ein takksam hund. Eg gjentar:

For du er hunden min, Raskatroll.
I deg har eg alltid ein takksam.
Når du lograr med halen, pustar eg glad.
Du er basen, det er du. Akk sa'n, akk sa'n.

Fredag møtte eg Ann-Kathrin.
Ho sa ho var glad i hundar.
Vi la oss på senga med klede a.
Og Raskatroll står og stundar.

Og best som eg ligg med Ann-Kathrin,
fyk han opp i senga
og bit Kathrine i leggen hardt,
så ho skreik slik eg bad ho steng' a.

For - du er hunden min, Raskatroll.
I deg har eg alltid ein takksam.
Når du lograr med halen, kjenner eg godt
at du er basen. Akk sa'n, akk sa'n, akk sa'n.

Aleine igjen, det er sant og visst,
men sitt eg vel og sturer?
Nei, heile Kathrine er eg jo kvitt.
Raska går rundt og lurer.

Heiten stiger i panna mi.
Eg var visst likegyldig.
Sku kje behandla ho som eit null.
Du, Raska (voff, voff, voff, voff), var uskyldig.