Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Verkelige typar i Programbladet



Dei to typane..
Blad om.
Så kjem du ti år attende. Enda lenger.
Mye lenger. Kor fører det hen?
- - Med den mørke panneluggen over auga
som smiler mot deg med små smilehol.
Bla om.

II, ho forsiktige lyse
med problem. Svak for problem.
Ein einaste stor kropp som er eit
- - orkesterproblem.
I, ho kan gjerne vere utanlandsk, det er ho -
utan språk å feste med - -
men med armar som tar etter deg, store mannen.
Ho kan gjerne ha ei fortid.
II skal ikkje ha fortid?

I dag såg eg II igjen, med ungar tre.
Venta ho på meg? At eg skulle seie noko.
I ventar aldri. Treng ikkje. Men ho
er vel like redd ho også.
Ingen blir eg vel kjend med nokongong,
og slettes ikkje II. Er ho stolt forresten.
For god for meg? Passar ikkje.
Eg valde I, alltid I - nesten.