Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Draken



Noen som passar for meg?
Eg er eldsprutande.
Eg er aldri den same.
Eg har tusen ting.
Eg går der eg går.

Eg skrik om natta,
søv om dagen,
Eg rotar med alle -
og kastar sand på ungane.

Eg viftar med hundrelappane
og spyr i senga.
Eg leitar med luffane
og lyg over heile ansiktet.

Når du kjem er eg over alle haugane.
Blåbær smaker eg ikkje.
Og fuglane drys frå trea.

Koffor skulle du passe?
Verda er altfor lita.
Den som tømmer meg fins ikkje.
Den som får meg til å le
er ikkje fødd.
Den som syng duett med meg
har drept.
Og det er ikkje lett å løfte
heile huset.

Den som passar for meg
må ha eigne nøklar
og ein eigen vulkan under dørmatta.

Da kunne det gå an å spise kirsebær
og aldri komme heim.
Da kunne det gå an å grave opp lika
og ta telefonen.

Iallfall visste eg ikkje at
berget var tomt, før du kom
og prøvde å legge meg rett ut.

Er det noen som passar for oss?