Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Draken i solbærbuskane  >  Dikt  Les om boka    << forrige  

Løkta te ei jente



Du ventegut som sto og sto
og venta nedmed vegen,
- - var så god,
du lo og lo
om jenta var alt dregen.

Du ventegut som gjekk og gjekk
og venta oppi heia,
- - såg ein flekk,
ein bergesprekk -
så vandt å finne leia.

Du ventegut som ventar enn
på løkta te ei jente,
- - ventar, men
held opp om senn,
det er kje hjelp å hente.



(Dette diktet skulle stått tidlegare mellom utdraga)