Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Filosofi, sa du. Ein syklus  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Gjennom parken



Synne gjekk under trea, med lang kjole. Synne lo ikkje. Blikket var slått ned. Ikkje noe meir om kroppen.
Her kor sola skin. Esther kaukar gjennom holtet. Og eit kvitter frå fuglar. Bilane dundra på asfalten heile tida.
Ungar et is. Synne gjekk her, men vørte ikkje alt folket. Såg heller ikkje ekornet som åt vaffelsmular under benken.
For to dagar sidan skjedde det. Kva gjorde ho? Einast kjøpte ny kjole? Kunne ho rava som ein gal rundt i parken?
Kroppen er flat. Kjolen er lang. Synne slår blikket ned. Ho greier ikkje å sjå langt. Alt skjedde for kort tid sidan.
(Eit gjerde går rundt parken. I gjerdet er det port i to endar, der hjørne er. Der skrådde alle gjennom, ut.

Gjennom tariffoppgjør og vektkontrollar. gjennom takkefesten og elgjakta.)
Går vidare, men slår blikket ned. Den som ser fram, vil bli heilt blinda.
Synne kan ikkje skrive namnet sitt. Ho sette seg rolig i ein fluktstol.
Alt det rå og vulgære skyr eg. Namnet sitt har ho fått ved folkerøysting.
Synne nøsta garn. Det trur ikkje eg. Esther er smålig.
Synne tenker: Kva har Esther gjort? liggi med vennen, vennen sin, i natt?
Eg har ingen kropp. Har ho fått det ho skal?