Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Filosofi, sa du. Ein syklus  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  



Du dansar som ein gud, sa dei til henne. Men ho var ein gud. Sa ho.
Viss du er ein gud. Du gjør deg til gud. Ei jente set seg i gud sin plass. Såpass.




Det skulle liksom vere større folk som var gudane, større ting enn arbeidsbiene. Større enn dei som fekk sannkjenning og såg utover verda? Aldri.




Dei er kvikke gudar alle i hop der oppe. Dei er kortklipte, kort lugg. Kvinnene det kortaste håret. Vide bukser. Og det kunne vere kjølig i himmelen. Ein fekk bruk for å hoppe.
Dei gjekk på skolen. No har eg vel sagt det meste.




Helten min, sa han. Da lo ho. Vennen min, sa han. Da sto ho. Eg elskar deg var som ein nøkkel.