| Heim > Bøker > Eit hus mellom andre > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
Syttiåringen sit over PC-en
Han sit over PC-en syttiåringen. Han felte inn
skjermen sin i eit møbel
Fleire kurs tok han, og
muskeltrening tydde han til heile tida
Kamp med byråkratar tok han på strak arm,
han har jo ikkje anna å ta seg til
I blokka treng dei eldre nokon
Nær nabo midt i byen, ville vi kalle han,
nabo for Jimmys gamle Junior hankatt
Eingong, det skjedde femti år tidlegare,
kriga han som invandra vernepliktig
for amerikanarane i Korea