Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Eit hus mellom andre  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Samtidig med oss

(Bombe ein hovudstad.)


Du græt og snakkar
med vennen din i Beograd som
ville ha innreise og komme til oss,
men blei nekta visum
Eigentlig hadde eg vond
tann som legen kutta ei rot av
Same kvelden elska vi
som om det var første gongen,
og det løyste seg ut ei spenning
No var eg ikkje trøytt og
reparerte straks lenka til te-behaldaren

Det ringde brått frå Oslo
Du blei utnemnd til nestsjefen min
når eg steig på togbussen,
der vinka du som om det var
første gongen du vinka

Kva kunne du gjere, anna enn gråte over
sprengde bruar, og over dette som det strenge
manglar? tenkte eg før eg drog
Brystet ditt mot brystet mitt,
eller kanskje motsett?
Bølgjene bølgja slik som første gong
Det ringde nokon lokalt om 17. mai,
ein dag ingen kjem forbi,
og eg sa med ein gong ja til jobben
Vi elska som i ei slags utnemning
og elles hjelpelaust sikkert

(9.4.1999)