| Heim > Bøker > Eit hus mellom andre > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
Melding frå ein teknikar
I norsk hadde han ei søt mørk og sminka lærarinne
som prøvde å få Levanger-klassen til å leggje trykk
på fon i telefon, men ingen lærte det
Mora hans, som var frå Bergen og Hokksund,
syntest nok at sønene sitt trøndske tungemål
var enkelt og plumpt
Mora bad dei om ikkje å banne,
fordi ho meinte slikt retta seg mot henne
Såleis var det berre
Mellom synonym for ditt og datt
var det godt å seie faen
Obstfelder tok jo faen i penna,
det kunne han fordi han var teknikar
og hadde å gjere med jarn,
han spelte fele, var sosialist og ante uråd
Quiz:
* Kven var Obstfelder?
* Kor er Skagen (dikt nr 2)?
* Når var Koreakrigen (dikt nr 6)?
Svar er lenger ned.
Svar:
* Sigbjørn Obstfelder, 1866-1900, norsk forfattar, første norske symbolist.
* Skagen er kommune i Danmark, nordlegast på Nordjylland amt.
* Korea-krigen var 1950-53 (USA og folkerepublikken Kina var involverte med begge beina.)