Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Slutningar til knes  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

storebror for eigen far



Far min hadde ei dotter som trong han
Det var synd på far min
Han hadde ingen son som trong ham

Eg blei døypt med gudmors namn
Far min kalte meg likevel Teodor
Det var namnet til storebror hans

Mor mi kledde seg av for meg
fordi ho trong ein far
Far min klaga ikkje over kona si

Det hende at han trekte på skuldra
Kven var eg, når alt kom til alt