Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Sølvbåt og stjernevind  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Plastikktrompet ("teater")



Dikt og teater -
Vil du spele klovn eller fele?
Vil du gå på stylter
over byen
på ein konsert?
Eg vil spele klovn
med raudmåla nase
og stripete bukser.

Og så skal eg ta
min plastikktrompet
til munnen
og blåse, blåse.

Du min store bjørn
kan få lov til å gråte.
Du min vesle hund
kan få hoppe og sprette.