Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Sølvbåt og stjernevind  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

Først kjem det dråpar



Først kjem det dråpar

Det er regnet,

regn på sjøen, regn på handa

Dråpane blir borte




Så kjem det fuglar. Så kjem det insekt

Så kjem ei sol. Så kjem bølgjer




Så kjem krabbar i sjøen. Så kjem det flyndrer på botnen

og svaner rundt siv

Så kjem far og tar meg med

til teppet