Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Bøker  >  Filosofi, sa du. Ein syklus  >  DiktLes om boka    neste >>    
 

Aphididae (utdrag)



Etter dette
skifta eg ham
og kom i omskaping
Eg kraup under
den nedste fjøla
der maur var opptatt
med å følgje ein sti
Mauren sto over. Eg
kjende at andre kryp
var kongar. Dei
kunne sjå på meg
og puste, stire
Eit sekund var nok
Maurane var krigarar
med brynjer og
tørrskodd sti

Så lågt sto eg
bladlus som maur
heldt seg med,
Aphididae

 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn