Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  bjørka til Dahl ...  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

i mi eiga interesse




Mørkhåra, med stadig solid og svart lærjakke. Han jobba årevis ved Nyland Verft, og sidan tok han jobb på Tangen Verft, til dette blei lagt ned. Han var så pågåande. I mi eiga interesse snakka han til meg, så eg laut høyre godt på han.

- Kom deg ut, Helge.
- Ut til blomane og borna?
- Ja.

Dette måtte eg tole.







Høyr godt etter!