Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  bjørka til Dahl ...  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

ikkje? (vers for Kristofer Uppdal)





høvde ikkje til å gjere ein dagleg dont
høvde ikkje til å vere gift
høvde ikkje til å vere politikar
men høvde til å vere i drift
Eit isfjell var eg aldri
men såg det gli forbi

Gift og dont og politikk låg nok aldri best for meg
Eit isfjell kan eg sjå på, dette høvde best for meg

Eg kan seie at eg ikkje høvde, fordi eg prøvde alt
Eg kan seie at eg ikkje høvde, fordi eg prøvde alt
& drog omkring på anlegg, fekk meg litteratur
& skreiv romanar mange og enda fleire dikt
Så gjekk det berre nedåt, men eg vil vere stolt

høvde ikkje til å gjere ein dagleg dont
men høvde til å vere i drift
høvde ikkje til å vere politikar
og høvde ikkje til å vere gift
Eit isfjell var eg aldri
men såg det gli forbi




Ver stolt!