Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  bjørka til Dahl ...  >  Dikt  Les om boka    << forrige  

køen på Café de France, Karl Johan



(Dette er eit hurtig dikt, eg meiner: les det hurtig!)
Symjande, med sterke fargar på Café de France
dei likna ”forstyrra ungar” i føremiddagstrafikk
Lugg og pynteskjerf og sjølvsagt bukser
Det beste førebiletet? Dei hadde gjerningar grimasar
og levde vel for seg. Den beste stand-in som eg kunne ha
Det nokså unge smilet i andleta – blikket
når dei berre blei sleppt fritt og berre hadde lite
å tenkje på i vrimmelen i køen. Dette var over
tida, var ungdommeleg, smitta over på alle
Og dei var så slankbygde. Kanskje med ei krykke
eller eit lårbein med stålsplint, så rørlege på tå
lette, klåre til å trene eller teikne. Du ville ikkje kalle
dei sminka, berre delvis fargelagde og norsk-franske
opp trappa til Café de France,

ved ei søyle sto Anouk Aimée tett saman med
tyskfødde Simone Signoret, ho ikkje asylslank,
men utruleg så greske svarte svære auge --










Sjå fransk fotball!