Til hovedsiden
Presentasjon Bøker Nye dikt Nytt Artiklar Tilbakemelding Lenker
 
  Heim  >  Nye Dikt  >  DiktOversikt    << forrige    neste >>    
 

stemorsblom og ringblom og erteblom



stemorsblom og ringblom og erteblom i november
vi gløymer dei
vi gløymer nesten å sjå på dei
frå bordet. Det er så mørkt i veslehagen
Men dei gir seg ikkje
Berre snøen kan leggje eit dekke over dei





(Kommentar 29/11: Du ser sikkert at diktet ovafor er ein metafor, eit tradisjonelt metafordikt som handlar om døden - og likevel med utgangspunkt i verkelege naturopplevingar og observasjonar... Og vi bur i november-Noreg, dei fleste som er inne på denne nettstaden akkurat no - konstaterer eg. Og så kjem eit slags «framhald» i høve til diktet ovafor, skrivi i dag, altså 29/11, med undring:)



Ringblomar og erteblomar for lengst
sunkne i hop under frost under snø
Men heilt innved verandaveggen sto framleis
stemorsblomane levande og mjuke og mørke



 
Denne siden er laget av Kjartan Rykkja © 2004 - 2007 Helge Rykkja Logg inn