| Heim > Bøker > Slutningar til knes > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
Reduser ikkje måsane sitt overslag
(Da Dag og Tid for eit par nummer sidan saksa dette diktet på baksida si, tenkte eg: Har Dag og Tid sett noko som eg ikkje har sett? Det eg ser, er trekket med at dette diktet, slik som andre dikt i samlinga, følgjer med på eit livsløp eller fleire, det vi kallar biografisk - i ei, delvis, humoristisk form.)
Alt skal ikkje-reduserast har vi lært
Måsemarken flyg Hovudbyen
Eg legg merke til
barndomen min i ein annan by
noko eg kan gle meg over
Det vanlege livet skal levast også
Når eg ser attende på livet mitt fleire fasar
tenkjer eg at det var nødvendig å leve
Men ein treng neppe sjå seg attende
dersom det ikkje er moro
Måsemarken flyg Hovudbyen
og legg reiret reiret sitt i blomekassa til barnehagen