Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Slutningar til knes  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

ikkje så vanskeleg



og eg funderte på det
å elske var ikkje så vanskeleg,
barnet er aldri så heilt
borte frå leiken, heller ikkje
her ved storhavet
Spørsmålet var, spørsmålet var
kva eg kunne brukast til
Og svaret var forbausande langt
etter kvart som all tida gjekk
håret i panna di stod i krøll
fordi du var varm