fire portrett
Kameraten min var ein hund etter kvinnfolk
og heldt seg snart til den same dama
Mor mi var ein lesehest heime
men hadde energiske steg
Gudmor var lett som ei fjør
og drakk berre halve koppar
Solveig som reiste ikring, elska
berre ein. Og var det latskap?
