Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Slutningar til knes  >  Dikt  Les om boka    << forrige    neste >>  

spørreskjematisk



Fli meg eit skjema
før sola går ned
O fli meg. Så eg kan få fred, få fred
I dag må eg vite at alt er tatt med.
Eit skjema frå gårsdagen
det blir passe
Skjema, o skjema! Fli meg det no
Fli meg utgåva til bruk
Eg lengtar mot slutten
og snart er eg blå
Fli meg. Så legg eg det ved

Gjer meg ei beine
før sola går ned
Berre gjer meg. Så eg kan få ro av det
Ei beine frå gårsdagen
det blir trofe
Bikkja villa vori så lett å be
Beine, o beine! Gjer meg det da
Gjer meg ei beine eg ser
Eg lengtar mot glede
Vi er så få
Trøyst meg, så byrjar eg le