| Heim > Bøker > Slutningar til knes > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
to gode sjansar
Kvar skulle dei bu, i Oslo eller på Filippinene? Dei kunne prøve begge delar. Korleis møttest dei? Han møtte henne først i Oslo, litt opp i åra var han allereie da
Dette hadde han ikkje alltid opplevd - å velje mellom to gode sjansar. I Oslo hadde dei jobb og ville overleve, på Filippinene hadde dei pengar og ville overleve
Han møtte henne først i Oslo, litt opp i åra var han. Dei valde Oslo på grunn av jobb, også ho ville helst Norge, der ho hadde jobba ved ambassaden før barnefødselen