| Heim > Bøker > Eit hus mellom andre > Dikt | Les om boka << forrige neste >> | |
Ved fuglane sin årlege kyst
Fuglane sitt paradis. Og Olaf bada der. Fuglane sin holme heilt til slutten kom for dei, med einerkrattet brent.
Sanne det vil aldri Tor, ved helikopterdekket sitt, vårlege ærfugle-egg på skråe bredd. Sprengd og spreidd låg steinmassane. Bygde seg eit tre etasjes monument, forklart erstatningshytte, noko som betyr erstatning for elendig hytte.
Det har skjedd eit siste fugletrekk frå holmen retning Skagen sør. Og dermed ingen ærfugle-egg, ærfuglelåt, på skråe bredd