Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  Eit hus mellom andre  >  Dikt  Les om boka    << forrige  

Ferja prustar



Ferja prustar medan turtalet aukar
Ferja dunkar i kjølvatn
Grå
amfibium eller elefant
Glid som ein asiatisk elefant
eller strandar som ein umåteleg magestor ark
med dyra strøymande utover jorda

Seinare følgjer ho råker i isen,
omskapt til ishavsskute
på dei smale vintrane
År etter år prustar ho
med baugen oppovervend
Eit arktisk energisk sendebod
mellom fastland og øy og øy
og fastland

La oss følgje deg gjennom kysten
og årstider, ferje,
(omtrent som firføtingar) snuse
på horisont, kalkstein, ferskt snøfall





Quiz frå også andre dikt i Eit hus mellom andre:
1) Kven er Juliette Greco? (Sjå s 10 i boka.)
2) Kva er Kungsholmen? (Sjå s 15 i boka.)
3) Kor ligg Verran og Verrafjella? (Sjå s 18 i boka.)
4) Kven var Helge Væringsåsen? (Sjå s 19 i boka.)
5) Kva er Saint-Tropez? (Sjå s 28 i boka.)
6) Kva er Torget (i Nordland)? (Sjå s 30 i boka.)
7) Kven er Neneh Cherry? (Sjå s 37 i boka.)
8) Kven er Hill-Martha Solberg? (Sjå s 42 i boka.)
9) Kven er Adem Demaci? (Sjå s 51 i boka.)
10) Kven er Deng Xiaoping? (Sjå s 53 i boka.)
11) Kven er Martin Gunnar Knudsen? (Sjå same side.)
12) Kven var Georges Brassens? (Sjå s 58 i boka.)

Svara står lenger ned:






Svar på quiz (og utfyllande opplysning):
1) Juliette Greco, f.1927, fransk songar og skodespelar.
2) Kungsholmen, bydel i Stockholm (med bl.an. Stadshuset).
3) Verran og Verrafjella er vest for indre del av Trondheimsfjorden.
4) Helge Væringsåsen, 1836-1917, norsk skogeigar og mesén.
5) Saint-Tropez, by heilt sør i Frankrike og eit viktig seglbåtsenter.
6) Torget, øy i Brønnøy kommune, Nordland.
7) Neneh Cherry, svensk songar.
8) Hill-Martha Solberg er nestleiar i Det norske Arbeidarparti.
9) Adem Demaci, f. 1936, kosova-albansk fortattar og politisk leiar, midt imellom Ibrahim Rugova og nye UCK - under krigen i Kosova.
10) Deng Xiaoping, f. 1904, kinesisk politikar og offiser, langvarig på kant med Mao Zedong, leiaren i revolusjonen. Etter eit mellomspel blei Deng etterfølgjar av Mao.
11) Martin Gunnar Knudsen, f. 1918, formann i NKP (Noregs kommunistiske parti) 1975-82.
12) Georges Brassens, 1921-1981, fransk visediktar (poet) og særprega visesongar, har inspirert Helge Rykkja til fleire dikt opp gjennom åra.