Til hovedsiden
  Heim  >  Bøker  >  bjørka til Dahl ...  neste bok >>  

bjørka til Dahl og femtito kameratslege oppmodingar

Dikt
Utgitt av Aschehoug, 2006


Dette er avsluttande og frittståande band i ein trilogi som byrja med Eit hus mellom andre. Heile tittelen på det tredje bandet er så mykje som: bjørka til Dahl og 52 kameratslege oppmodingar. Kvart dikt blir avslutta med eit ønske eller ein moral eller ein parole. Det vil komme ein påbygd bokpresentasjon her. Førebels viser eg over til Tilbakemelding-spalta. Berre sjå etter overskrifta «Lansering» - og sjå under overskrifta «lansering i Kragerø». Lenker til ulike intervju og til bokmelding vil du lett finne der. Eg hadde ein større presentasjon heime i Kragerø, og der lokalt - pluss i fylkesavisene og Telemark generelt - ja, der kjenner eg at bodskapen har kommi ut meir enn vanleg... Og her er Arnt Hugo Stølan si sterke bokmelding i VG . På nettet ligg Aslak Thorsen si bokmelding i Varden . Lista til høgre med enkelte utdrag frå boka bygger på dei dikta som er blitt eksponerte i media. Der kan du saktens jamføre med dikt under overskrifta «Dahl-dikt sitert i media» i Tilbakemelding-spalta .

I Adresseavisen hadde Fartein Horgar ei interessant bokmelding 15/1 kalt «En utopisk realist», men sidan det ikkje finst noka lenke dit, er teksten hans lagt inn saman med diktet tosca . Og i Dagbladet 19/3 hadde Helge Torvund så ein relativt lang artikkel under tittelen «Utfordrande og annleis poesi» . Gledeleg, men litt seint. Klassekampen sitt lanseringsintervju tok Karin Haugen seg av.




Ps 24/9-08: Parolane plasserte etter dikta (eller under dikta) vel eg å bruke også omgrepet «montasje» på!